Etne Sogelag – skipingsmøte
Skipingsmøtet vart halde på Enge skule, onsdag 28. september 1983.
Knut Molnes opna og ynskte alle velkomne. Til saman 23 interesserte hadde møtt fram.
- Vedtak om å skipa eit sogelag for Etne kommune
- Vedtektene
Eit framlegg til vedtekter var utarbeidd av mållaget. Desse vart gjennomgått punkt for punkt.
Namnet: 10 røysta for at laget skal heita Etne Sogelag, 7 røysta for «Etne og Skånevik Sogelag».
Deretter vart vedtektene vedtekne, paragraf for paragraf, med små endringar.
- Val
Magnus Saltnes vart samrøystes vald til leiar.
Styret elles: Ove Wiland, Aslaug Stålesen, Olav Apold og Knut Nygård.
Varamedlemer: Åge Markhus og Johan Flatebø.
Revisorar: Martin Vevatne og Kari Mæland.
Valnemnd: Borghild Sævereide Prestegård, Bernt Odland og Ottar Klokkerstuen.
Borghild S. Prestegård kallar inn nemnda.
Etter loddtrekking står Aslaug Stålesen og Knut Nygård på val neste år.
Medlemspengane vart sette til 25 kr.