Postvegen
I 1987 valde sogelaget ei nemnd som skulle syta for at Postvegen mellom Etne og Skånevik vart sett i god stand slik at folk i større grad ville nytta vegen for å koma seg til fjells og ut naturen elles.
Nemnda gjorde ein god del dugnadsarbeid med grøfting der det var nødvendig, og klypping og hogging av tre og buskar som trengde seg inn i vegen somme stader. Dessutan vart det sett opp skilt med namn langs heile vegen frå Skånevik til Etne. To store opplysningsskilt vart sette opp – eitt på Silde og eitt på Leknes – i kvar ende av vegen. Dei har følgjande tekst:
POSTVEGEN
Postvegen, Bergen – Stavanger, opna 1785.
Strekninga Skånevik – Etne er den lengste biten
som ikkje er ombygd til køyre-/bilveg.
Høgste punkt – Varleitet – 620 m.o.h.
Fin turveg – ca. 3 timar over fjellet.
Sogelaget har dessutan gjeve ut ein brosjyre om Postvegen. Denne brosjyren finn du på Etne kommune si heimeside. Brosjyren er lagd ut på hotella og andre stader der turistar finn informasjon. I sommarmånadene går det mest ikkje ein dag utan at grupper av turistar – utanlandske og norske – finn fram til Postvegen og tek turen til Varleitet, og ofte vidare ned til Skånevik eller Etne.
Postvegmarsjen
Kvart år – ein søndag i månadsskiftet mai/juni – arrangerer sogelaget saman med idrettslaga ein tur over fjellet. Turen startar skiftevis – annakvart år – frå Skånevik og Etne over Varleitet. Deltakarane til denne marsjen har kome frå heile Haugalandet, og som oftast har langt over hundre vore med trass i at vêret ikkje alltid har vore det beste.
Postvegmarsjen er no blitt eit fast arrangement som friluftsfolk ser fram til når det vårast i liene våre.
I samband med dette har soknerådet arrangert ei enkel gudsteneste på Varleitet medan deltakarane i postvegmarsjen har rasta der.
Den gamle vegen mellom Kvamen og Flåte
Mellom Flåte og Kvamen i Stordalen går ein gamal ferdselsveg som har vore lite (og inkje) i bruk dei siste 40-50 åra. Går ein frå Flåte, kjem ein først til Øygarden, som no er tilplanta med gran. Trea er ganske store, men murane etter husa som stod langs vegen her, er synlege, og vegen er lett å gå.
Vidare går vegen over Longaland og Hausnes (Håheimsnes) til Kvamen.
Den siste biten – frå Longaland til Kvamen – er særleg interessant. I den bratte, sørvende «lia» mellom Kvamen og Stegaflåto finn me det ein kan kalla «vestlandsk jungel» på det beste. Her veks det edellauvskog som lind, ask, eik, alm, hassel, o.fl. Mange av trea er styvde for mange år sidan, og har fått ein særmerkt vokster på grunn av det.
På Longaland står ei bjørk som er 115 cm i diameter i mannshøgde, og på Øygardsflåto finst ein stor, styvd ask som har ein imponerande flott vokster/krone.
Sogelaget har sett opp eit par nye led på Longaland, men vegen er ikkje ferdig skilta enno.
Bruteigsteinen
Når ein går vegen mellom Flåte og Kvamen, kan det vera høveleg å ta ein tur oppom Bruteigsteinen, som ligg mellom Flåte og Frette, rett før du kjem til gardstunet på Flåte.
På øvre sida der, ca. 200 m frå vegen, ligg ei stor steinblokk i eit bratt hall. Denne steinblokka er full av ristningar frå bronsealderen.
Ristningsfeltet på Bruteigsteinen er kjent som eit av dei største i landet.
Den gamle vegen mellom Lauareid og Sævareid
Sogelaget har sett opp gjerde og lagt tilhøva til rettes for å ta i bruk den gamle ferdselsvegen som turstig mellom Sævareid og Lauareid. Det var ein viktig veg som var mykje i bruk i farne tider når folk i øvre delen av Stordalen skulle koma seg til sjøen og fjorden.