Vedtekne på skipingsmøtet 28. september 1983, og med endring på årsmøtet 2011.
§1 Føremål
Laget heiter Etne Sogelag, og skal ha Etne kommune som arbeidsområde. Gjennom sogelagsarbeid og tilskipingar av ymse slag skal laget freista å vekkja interessa for bygdesoge, og samordna arbeidet med å verna dei materielle kulturminna og berga dei munnlege tradisjonane som finst om liv og arbeid i eldre og nyare tid.
§2 Medlemer
Alle som betaler medlemspengar i laget, vert medlemer og har røysterett på årsmøtet.
Æresmedlemer: Årsmøtet kan velja æresmedlemer etter framlegg frå styret. Personar som på ein framifrå måte har støtta opp om laget sitt arbeid eller laget sitt føremål, kan veljast til æresmedlemer. Æresmedlemskapen skal markerast med diplom eller liknande, og vert rekna som ei særs utmerking som berre vert nytta i særlege høve.
§3 Årsmøtet
Laget har årsmøte innan utgangen av februar månad kvart år. På årsmøtet skal ein ha desse sakene føre:
a. Årsmelding
b. Rekneskap
c. Val av styre
Styret skal vera samansett av 5 styremedlemer og 1 – éin – vararepresentant. Ein skal ta omsyn til rimeleg geografisk spreiing. Leiaren skal veljast ved særskilt val av årsmøtet. Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar. Leiaren og vararepresentanten vert valde for 1 år om gongen. Dei andre styremedlemene vert valde for 2 år, men slik at berre 2 står på val kvart år.
d. Val av 2 revisorar for 2 år.
e. Val av ei valnemnd på 2 medlemer for 2 år, men slik at éin av dei går ut kvart år.
f. Fastsetjing av medlemspengar for komande år.
g. Årsmøtet drøfter det vidare arbeidet framover, og vel dei nemnder som trengst for å ta seg av oppgåvene. Saker som ein ynskjer å ta opp til avgjerd på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet.
§4 Styret
Styret bør syta for at det vert gjeve ut eit årsskrift eller ei årbok kvart år. Det skal førast møtebok og rekneskap. På årsmøtet skal styret leggja fram årsmelding og revidert rekneskap for godkjenning. Styret er vedtaksført når leiaren eller nestleiaren og minst 2 andre styremedlemer er til stades.
§5 Omframt årsmøte
Når styret finn det turvande, eller minst 1/3 av medlemene krev det, skal det kallast inn til omframt årsmøte. På dette møtet kan ein berre drøfta og gjera vedtak i denne saka (dei sakene) som gav grunnlag for det omframme årsmøtet.
§6 Vedtektsendring
Årsmøtet, eller eit omframt årsmøte, kan gjera endringar i desse vedtektene når minst 2/3 av dei frammøtte røystar for det. Framlegg til endring må vera styret i hende minst 1 månad før møtet. Medlemene skal ha melding om dette saman med kunngjeringa av møtet.
§7 Oppløysing
Vedtak om oppløysing av laget kan gjerast på eit vanleg årsmøte dersom minst ¾ av dei frammøtte røystar for det. Framlegg om oppløysing må vera kjend for alle medlemer minst 3 månader før årsmøtet. Dersom laget vert oppløyst, skal eiga i laget førast over til Etne Kulturstyre, som tek vare på verdiane til nytt sogelag er skipa.