BØKER
Utanom årbøkene har Etne sogelag stått for utgjeving av tre bøker, og eit sogeskrift som vart gitt ut i 1982 og 1982.
Les meir om sogeskriftet «Jul i Etne» ved å trykke her.
Streiftog gjennom Etne Planteskole si historie
Utanom årbøkene har Etne sogelag gjeve ut «Streftog gjennom Etne Planteskole si historie.» Forfattar er Martin Barkved, som var styrar på planteskulen frå 1957 til 1989. Boka, som er rikt illustrert, fortel om ideen bak planteskulen og om planar og arbeid gjennom 50 år. Boka er på 72 sider, og kostar 50 kr.
Etne Sogelag 1998. ISBN 82-994826-0-7
«… det fornødne Liffs Ophold …»
Kårkontraktar frå Etne 1756 – 1917
I 1995 tok Beate Homlong hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen. Fagoppgåva hennar var «»…i vores eiende Lemstue…» ein studie av kårsituasjonen i Etne.» Lokalhistorisk stiftelse har gjeve denne hovudfagsoppgåva ut som bok der alle 589 tinglyste vilkårskontraktane i Etne frå 1756 til 1917 er med. Alle gardane (ikkje alle bruk) er med, og boka er på heile 470 sider.
Etter at Lokalhistorisk stiftelse gjekk konkurs hausten 2001, kjøpte Etne sogelag restopplaget av denne boka. No er «Kårboka for Etne» til sals for berre 50 kr.
Lokalhistorisk Stiftelse 1999. ISBN 82-91559-12-0
«Det liv som gror or draumen…»
av Olav Vik
Dette er den siste diktsamlinga av Olav Vik. Mange vil hevda at den er den beste. Her skriv han ikkje berre om kjærleik og lengt, men òg skjemtande om sin eigen lagnad. Her er berre forståelege dikt. Det er ingenting som haltar; rim og rytme er alltid på plass. Dessutan er Olav Vik ein målmeister. Illustrert med mange tusjteikningar av Knut Molnes. Boka er på 70 sider, og kostar 100 kr.
Etne Opplysningsråd 1989. ISBN 82-991866-0-0
Samlinga er ei blanding av humor og alvor. Her tek me med eitt av dikta:
LEVEMÅTEN
Ein heimføding bygde av rekved sitt hus
og gifte seg med ei pinelus.
Det høyrdest ut som eit paradoks,
men dei trong ikkje kjøpe fryseboks,
for kona var alltid kald som is,
så maten heldt seg i vekevis.
Borna fekk steinar i staden for brød.
Berrføtte sprang dei på is og snø.
Utruleg lite dei greidde seg med.
Men nærbutikken laut leggjast ned.
Andre bøker av Olav Vik:
Fire diktsamlingar: Hjartemål (1941), Tuva og Tårnet (1948), På ei strand (1978), Når ufødde talar (1979).
Bygda og Landet Prologar frå Etne
I lyd og lag med Olav Vik
Festskrift til Olav Vik på 70-årdagen 12. januar 1980. Utgitt av Etne mållag.
Alle desse bøkene (så nær som Hjartemål) kan me skaffa til dei som er interesserte.
«Røyster som tagna» av Gunnar Bjelland.
Han fortel om «Liv og lagnad for folk på nordsida av Åkrafjorden».
Etne sogelag er utgjevar, og boka kostar 350 kr.